Forår iii

Det var sol og vår og menneska gjekk tur med kvalpar og sykla midt i gata og hadde shorts på og eg gjekk over brua.

Eg kunne sjå ned på menneske som var glade i kvarandre. Eg kunne sjå heim til høgda der det finst kjøttkaker og sol gjennom vindauga og kjøkkenhagar og snø på toppane og sjelar eg er glad i. Og eg kunne sjå menneske som nøyt tida i saman utan andre bekymringar enn ingen.







Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits