«The statues were against Islam»

Bilete viser Amerikanske soldatar som skyt mot Taliban. Det vant andre plass i kategorien «People in the News, Singles» i World Press Photo Contest 2009.

Eg er nett ferdig med å lese Bokhandleren fra Kabul og det er lenge sidan eg har lese ei så interessant og gripandes bok. At ein veit at alt som Åsne Seierstad beskriv er sant gjer at ein får vondt lang inni seg. Ein av dei tinga som greip meg mest var at Taliban sprengte i stykker dei uendeleg gamle Buddha-statuane som var hogd inn i Bamya-fjella. Eit symbol på Afghanistan forsvann i løpet av sekund, og det same gjorde Afghanistan slik folket kjenner det. Korleis lokale stammeleiarar lurar Amerikanske soldatar til å bombe politiske motstandarar gjer at eg blir heilt oppgitt, men samtidig er det nesten tragikomisk. Det viser berre korleis Amerika blei styrt under Bush.
Lenge leve Obama!

Dei andre bileta i konkurransen er veldig verdt å undersøke. Dette har eg hengt på ein knagg i hukommelsen

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits