.Inner beauty

Litt for å gjere plass til nye funn og litt for å huske kva eg har, klatra eg opp på ein stol for å sjå på veskene og hattane mine som ligg øverst i skapet fordi dei tilhøyrer det øverste sjiketet av plagg det går an å henge på seg. Der fann eg ting eg ikkje visste eg hadde, ting eg visste eg hadde men helst skulle vore foruten, ting eg blei glad for å sjå igjen, ting eg har sakna og ting eg trudde låg andre plassar.



Denne veska kjøpt på Grønland i Oslo og brukte over gjennomsnittet lang tid for å finne ut om eg skulle ha blå eller grøn. Sidan det var den einaste veska eg eigde var den obligatorisk når eg skulle på jobb, og fordi eg var så redd for å gløyme noko når eg skulle stenge, gjekk eg alltid med ein lapp over alt eg måtte huske før eg låste døra.



Eg kjøpte denne i Oslo då eg hadde vunne billettar til kampen mellom Noreg og Brasil, og trudde eg var kul og tøff og rå. I innerlomma låg eit kart av Cusco, ein by i Peru der eg også trudde eg var kul og tøff og rå heilt til eg blei matforgifta.



Eg husker ikkje kvar eg var då denne blei min, men i ei av lommene låg det ikkje overraskande ein billett til Oslo. Det låg også ein meny i frå ein plass dei sel kebabrull men ikkje forstår kva du vil ha når du seier rullekebab.

Vår tid er forbi og det er med sørmodig hjarte er gir dei vidare til Fretex. Det er rart korleis skjønnheit kjem innanfrå. Eg håpar Fretex kan skaffe dei ein god plass å bu.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits