.Nokas ii

Då eg annkom settet i dag var luchen akkurat fortært og diverse ranarar, statsistar og kameramenn var på veg ut i regnet. Eg håpa dermed at eg sporenstreks skulle bli kasta ut i ein vill skytescene, og det blei eg og (sjølv om den ikkje kan kallast vill), eg måtte bare ete litt kjeks og vente litt først. I mellomtida ikledde kostyme-Bente meg eit skjørt som uforståelig nok hadde merkelappen på.



Etterkvart blei eg tildelt rollen som «jente bak oppslagstavle» av Henrik(?). Det var ein ganske fin rolle med innlagte pauser der eg fekk tid til å ete litt kjeks, øve på å gjøyme med og le av personar som rota seg inn blant svartkledde menn.




Det blei også tid til å bli filma til bakom-filmen og eg presterte å seie nokon velformulerte ord om at ranarane er grunnen til at eg er med og at eg tenner på masker. Fint.




Då filminga var ferdig for i dag fekk eg eit hyggeleg takk av Megafon-Jonas som ellers bruker dagen til å rope «Lockdown, lockdown» eller «Action». Ein gong sa han også «Searching Birgit. Vi behöver dig framför kameran». Før eg gjekk heim for å ete JoikaBoller blei eg og dei andre statistane foreviga av Kostyme-Bente.



No ventar eg bare på at dei skal ringe i frå Hollywood, og for å forberede meg har eg allereie starta å drikke Voss-vatn.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits