Snø og lys

På grunn av snøen blei det ikkje Nokas på meg i dag. Trist, sidan eg i går kveld brukte mine siste krefter på å finne fram noko som likna på moten i 2004. Resultatet blei slik som eg pleier å gå, utanom at blandinga av klesplagg var litt rar. Men det eg eigentleg skulle seie var; åå, dei små frøtinga i Avatar er så fine! Og trea og alt som lyste og dei små dyreinsekta som flaug rundt og Jake Sully i menneskeform. Gøy å lese tekst i 3D var det og, sjølv om den flytta seg rundt på skjermen og var GUL!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits