James Cameron då!

Som lova har eg undersøkt ein del rundt når damer begynte å fjerne hår under armane. Eller ein del og ein del, eg søkte bare på «underarm hair» og der poppa det opp. (Eigentleg søkte eg på «under arm hear» men trofaste Google hjalp meg litt på veg). I følge Wikipedia, som på akkurat dette punktet har heilt rett, begynte kvinner i USA og Storbritannia å barbera seg under armane i 1915 då det blei vist eit eller fleire bileter i moteblader av kvinner utan underarm hair.



For dei som ikkje veit det, så traff Titanic isberget seint den 14. april 1912, det vil seie at moten med glattbarberte armhuler ikkje hadde erobra Vesten endå. SÅ; teknisk sett burde Rose Dawson/Kate Winslet hatt hår under armane når ho blir teikna av Jack!
HA!



Nå blei eg eigentleg litt sur for eg har ikkje lyst til å finne feil med Titanic. Men det er sånn det er med gode vener, dei har feil og manglar som alle andre, men ein er fortsatt like glad i dei. Ofte er desse «feila» og «manglane» det som gjer at ein er glad i dei, fordi det er dei som utgjer personanes særtrekk. Så eigentleg er feil og manglar noko positivt som me eigentleg kan kalla for «Positive innslag i kvardagen». Det var eit utroleg kjedeleg navn så eg skal finne på noko betre seinare.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits