Nysgerrigheit

Eg var med Herr og Fru Foreldre på skitur for å prøve mine nye Fischer, og dette var det første eg traff då eg møtte naturen i dag tidleg:

Trekke frisk luft sa du?

Jaja, ikkje mitt liv. Sidan det som er kjekt og spanandes for andre folk ikkje er nok i min familie, valde me som vanleg å begi oss ut i det kvite intet til fordel for dei oppkøyrde løypene der det er fare for å treffe andre levandes individ.

Det blei tidleg einigheit at motivasjonen for turen var å finne ut kva som låg på andre sida av neste topp.

Mine Fischer var ei stor forbedring i frå dei gamle skia mine, som eg har hatt sidan eg var glad tolvåring. Dei glei fatisk framover, og gjekk jammen meg bakover også. Dette resulterte i at eg konstant låg 50 meter bak Herr og Fru på barmark, og fekk nærkontakt med diverse ski, stavar og ryggar i nedoverbakkar. At Herr Forelder hadde vondt i ryggen og dermed ikkje kunne tryne men heller ikkje klarte å bremse, gjorde ikkje saka betre.

Me har nådd ein topp og eg er utruleg spent på om det er regnbue eller ein vulkan eg kjem til å få sjå når eg kjem opp.

Til min store glede var det verken regnbuar eller vulkanar på andre sida, men ei myr.

Då me hadde slukt inn synet av utsikta ei stund tok Fru Forelder fram sjokolade, oog då Her Forelder sa nei forstod me at det var litt meir ryggsmerter inne i bildet enn det blei gjort utrykk for, og snudde skia 180 grader rundt og rant ned igjen.


Herr og Fru sørga for dei humoristiske innslaga under turen

Me droppa å ta turen innom dette koselege klubbhuset for å snuse inn den inngrodde vaffallukta.


I bilen konstaterte Fru Forelder at ho lukta sau og stoppa med eit gammalt gardsbruk for å finne ut om husa hadde to dører.

Sidan Fru Forelder var stolt over at ho hadde laga risotto med kamskjell og trøffler smakte eg på dette då eg kom heim.


SvampeBob med saltsmak kan absolutt ambefalast


Finhakka trøffel gøymt godt inni kvitlauk og olje. Godkjent!

Som belønning for alle dei nye tinga eg smakte i dag, og ikkje på grunn av Morsdag ,Fastelaven, Valetine og diverse fødselsdagar, laga me boller og pynta dei med lys og krem, og åt dei til dessert etter ein større kalkunmiddag.


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits