Nille og Finn

Sidan eg tenkte å bidra litt for at det blir ein livleg bursdagsfeiring på fredag har eg no laga geléshots. Før har eg bruk små shotglas i frå Nille men sidan det ikkje gjekk at å få geléen ut av glasa, valde eg i år å satse på lysmansjettar til 12.90,-

Du finn dei der med lysa sjølv om betjeninga seier dei ikkje har.

For at smaken ikkje skal vera klagbar er det lurt å bruke Mickey Finn Strawberry. (Viss du skal lage raud gelé vel å merke) Skal du laga grønne geléshots derimot, bør du heller finne noko anna en Mickey Finn Apple sidan geléen smakar kiwi.

Mickey Finn var så vennlege å opplysa meg om at dei bruker dei aller finaste epla til å framstille den gode jordbærsmaken.

Til ein pakke med gelé skal det vera 5 dl væske, så eg blanda 3dl Finn og 2dl vatn. Følg bruksanvisninga på pakken men for at poenget med geléshota ikkje skal fordampe vekk er det lurt å helle Finn i etter at det varme vatne har kjølna litt.


Nille var så vennlege å utstyre nokon av mansjettane med hull.

Sett mansjettane på eit bakebrett og fyll dei med geléblanding. Det kan vera lurt å sjekke om bakebrettet passar inn i kjøleskapet før du begynner med dette, eller så kan du risikere at du må flytte alle mansjettane over på eit anna brett og søle over heile skjørte du skal ha på deg seinare i kveld.

Skulle du finne hull i nokon av dine mansjettar er det ikkje lurt å fylle dei om igjen og om igjen slik at det blir ein damm i det eine hjørnet.

Så er det bare til å sette dei i kjøleskapet og vente på ros i frå alle dei som stikk hovudet inn og skal sjå om det er noko godt der inne dei har lyst på. Og det er det jo. I allefall no.


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

finurligheitar

finurligheitar

19, Hjelmeland

Ein blogg om ting som ligg på bakken, bussturar og mat ein ikkje klarar å lage

Kategorier

Arkiv

hits