Johnny då!

No har eg vaska heile Friheitens Kjellar, innkludert den grønne doen, den utruleg store, unødvendige gongen me har skoa våre i, og bak sofaen. Bak sofaen fant eg alle ballongane i frå bursdagsfeiringa i fjor, og dei er mot alle odds fortsatt i live. Eller dei har i allefall puls sjølv om dei ellers er uthungra, lider av vitaminmangel og derfor har fått store magar sånn som ungar i fattige land får. Så no er alt klart til å hengje opp nye ballongar som eg skal blåse opp no, slik at fingrane mine kjem til å lukte ei blanding av kvitlauk og gummi i dagevis. For no skal eg feire bursdag igjen!



I tillegg til å vaske og støvsuge og sope og alt det der, har eg endeleg klart å legge inn julebileta på Snøkvit, min alltid trofaste Mac som bare har sletta seg sjøl ein einaste gong. Flinke. Blant all ribba og juleølet fant eg dette biletet her:



Då blei eg litt trist for postkassa mi ser nemleg sånn ut no:


Den er akkurat lik tenkjer du, men nei. Den har av ukjente grunnar rulla ned heile kjellartrappa slik at alle blomane på lyngen min har falt av. I tillegg har den fått ein bulk, men det kan eg leve med. Spørsmålet er kven som har kasta den nedi sementen med all krafta dei har slik at lyngen fekk denne grusomme skjebnen? Er det Mannen? Eller sånne små 13 åringar verda godt kan vera foruten? Eg håpar det var han her:



Så kunne eg ha spora han opp og han kunne ha vore med å feira bursdagen min. Eller nei, me ville sikkert ha blitt uvenner sidan eg også skal vera The Mad Hatter og verda sikkert ikkje har plass til to på ein gong. Så Johnny, du må ta fri på fredag. Ikkje kom her og hiv postkassa mi i allefall, du kan helle sende meg eit heimelaga kort så skal eg sende eit til deg.

Det er nemleg det eg skal gjere no; lage postkort til iHannas Postcard Swap. Lykke til med det. Takk.










Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits