Hufsa og vennene hennar

I dag har eg vore i blodbanken og gitt mitt blåe stoff til nokon som treng det. Sidan eg hatar blod skal eg ikkje snakke meir om slike ting, men heller om den snille dama som viste meg stor omsorg. Ho smilte til meg kvar gong ho gjekk forbi, og satt seg til slutt ned for passe på meg sidan det var første gong, og det såg ut som ho syntes svært synd på meg sidan det ikkje gjekk så bra då eg var på inforasjonsmøte. Ho spurte om eg ville ha brus og eg sa ja sjølv om eg ikkje likar det og så smakte det godt alikevel og alt var bra. Ho var så snill og grei at eg hadde lyst til å adoptere henne som ei ekstra bestemor. I tillegg til ei stund med den kjekke bestemora fekk eg ein Mummikopp i premie.


Eg valde Hufsa sidan ho treng ein ven.

Og no vil eg oppfordre alle til å gi blod. Kvifor det? tenkjer du. Fordi du hjelper folk som krasjar i bilar, føder eller har kreft. I tillegg kan du velje mellom Mummikoppar, refleksvest og paraply i premie, og det kan vera du treff den kjekke bestemora som vil gjere at resten av veka di blir kjempefin.

Men no har eg ein date med Mrs. Spook. Me skal ete steikt ris. Igjen.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits