Cuba

I dag, då eg satt å venta på ein benk, kom det ein rund, forvirra mann med ein måne voksandes ut av det lange håret bort til benken. Han bar på ei badevekt og måtte sette den i frå seg for å få begge henda frie til å opne ein sjokolade. Han såg på den eit aguenblink, trykka heile greia inn i munnen, tok han opp badevekta og forlot benken min med dommedag i blikket.

 
Her kan du kjøpe ei vekt som veier deg mens du er på do. Fint å kunne finne før- og etter-vekt.


Eg satt igjen på benken og lurt på kva sjokolade han åt. Viss det var eg som skulle ete den siste sjokoladen før eg begynte eit nytt, surare liv med depersjonar og frykt for å gå inn på badet fordi den berykta badevekta står der, ville eg ha åte ein Cuba.


Cuba er en rik og kraftfull sjokolade som består av luftig nougat og sprøristede mandler.

Så ville eg gått heim og gravd meg ned i eit fjell av Sørlandschips og tenkt at eg aldri kjem til å klare å bli slankare, og dermed gitt opp tanken på dette håplause prosjektet før eg gjekk og kjøpte meg ein kebabrull.

Stakkar mann.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits