Når eg blir stor

Når eg blir stor skal eg ha eit hus med store vinduskarmar slik at eg kan sitte på store puter og sjå i store bildebøker mens eg eter store muffins og drikk te i frå ein stor kopp utan hank.

Eg skal ha ein stor vinduskarm, ikkje ei katt

Så skal eg sitte i andre etasje og plystre på menn med hatt som går forbi og kanskje be dei opp på ein muffins.

Han her vil sikkert ha ein muffins med rosa topping

Så skal me eta muffins og eg skal laga pannekaker til han neste morgon





Eller rettare sagt, han skal laga pannekaker til meg. Med heimelaga jordbærsyltetøy



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

finurligheitar

finurligheitar

18, Hjelmeland

Ein blogg om ting som ligg på bakken, bussturar og mat ein ikkje klarar å lage

Kategorier

Arkiv

hits