Prøveskap

I det sista har eg tenkt litt på dette med prøverom. Eller prøveskap som det heller burde heita, sidan alle prøvaromma eg nokon gong har vore i har vore mindre enn skapet mitt i Friheitens Kjellar. Tenk kor mykjen kjekkare det hadde vore viss det faktisk hadde vore eit prøveskap. Skap er jo eit møbel ein har for å lagra ting og tang ein kjem over men som ein egentleg ikkje treng, og når det kvar dag, år etter år hadde vandra forskjellege folk ut og inn i prøveskapet, ville det ha samla seg utruleg mykje rare og kjekke ting der inne. Foreksempel ei kokosnøttveske med glidelås, ein vintage sminkekoffert som av forskjellege grunnar bare er brukt ein gong, brune dansesko med nedslitt hel i frå det same år som eg blei født, ein halv kjærleik på pinne med pære- og lakrissmak, og blondesokkar i størrelse 3 år.


Eit kollektivt prøveskap

Kvar gong ein gjekk inn i eit prøveskap ville ein føla seg som Tante Bassa på skattejakt og det å gå rundt i alle prøveskapa ville ha blitt ein hobby for mange. Eg skulle i alle fall hatt det som hobb, kanskje som jobb til og med. Butikkpersonalet måtte ha laga reglar som sa at det var påbudt å ta med seg klær ein skulle prøve når ein gjekk i prøveskapet slik at ingen gjekk inn bare for å sjå om dei fant noko fint dei ville ha, det hadde stått vaktar utanfor som passa på at ein tok med seg alle tinga ein tok med seg inn, ut igjen slik at det ikkje blei for fullt inne i prøveskapet.

Jim Sturgess kunne ha vore vakt utanfor prøveskapa

Kanskje eg kunne ha funne eit prøveskap som var portal inn til Alice i Eventyrland eller Narnia. Så kunne eg ha drukke te og gått i fine kjolar og møtt kjekke og rare folk. Eller så kunne eg bare vore i mi eiga verd og gjort akkurat det same.



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

finurligheitar

finurligheitar

18, Hjelmeland

Ein blogg om ting som ligg på bakken, bussturar og mat ein ikkje klarar å lage

Kategorier

Arkiv

hits