Tankar på bussen

På bussen heim i frå Den Store Borgen av Viten i dag, tenkte eg litt på korleis det hadde vore viss me hadde låge i eit egg før me blei født.(Denne tanken hadde då sitt opphav i at eg av ein eller annan grunn kjøpte egg, noko eg bare har gjort ein gong før)  Som mor hadde det for eksempel vore ganske greit å kunna legga ungen i frå seg for ei stund eventuelt trilla den foran seg på vegen når ein var lei av å bæra på den. Men etter ei stund dukka det opp meir eller mindre 30/40/50 grunnar til å ikkje bli født frå eit egg:

  • Eg hadde visst korleis eg så ut før eg utvikla meg (GUL!)
  • Eg kunne blitt knust før eg blei født. Sjipt.
  • Staten måtte ha utarbeida masse slags greier slik at egga kunne bli frakta rundt. For eksempel ei renne ved sida av fortauet slik at egga kunne trille der i stedet for å bli bært. (det hadde forresten vore litt kult). På bussen måtte det ha vore svære eggeglas som var spesialtilpassa for egga og kanskje eit for ekstra tjukke egg (eller egg med funksjonshemningar.)
  • Me kunne umuleg ha åte egg til frukost. I allefall ikkje utan å plukke ut dei kvite, ekle tinga som flyt rundt plomma, men det gjer me vel uansett. (forhåpentlegvis)
  • Det hadde vore ein mulegheit for at det hadde utvikla seg megastore kråker som gjekk og dulta borti egga slik at dei blei øydelagt.
  • Det hadde også vore ein muligheit for at mamma hadde gått i kjole og kvitt, og at ho stakk av til Antarktis når ho blei svolten.
  • Viss egga hadde knust og spesialenheita for slike tilfeller ikkje hadde kome fram i tide kunne egget ha blitt steikt.
  • Det hadde vore ein muligheit for at det hadde utvikla seg gjengar med gale folk som gjekk rundt og knust egg og håpa på at spesialenheita ikkje kom fram slik at dei kunne ete steikt egg.



Dei 22/23/42 andre grunnane kjem eg ikkje på no, men eg er glad eg skal presse ut ein ekkel, skrikandes baby i staden for eit gigantisk egg.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits